Gjestebok

Trykk her for ו skrive i gjesteboken.

Navn: Torleif Dato: 29.07.2017
Melding:
Eg ser Vitenskapelig Råd for Lakseforvaltning meiner ikkje all fisk i Vikedalselva blir meld inn på fangststatestikken. Korleis kan dei hevda dette, det kan eg ikkje forstå. Er det eit slag i lause lufta, eller er det nokon som har meld frå om dette. Korleis dei kan ha komme fram til det fatta eg ikkje, utan att nokon har meld frå. Eg vel å tru at dette ikkje er eit problem. Eg trur fiskerane i Vikedalselva er så seriøse og melder inn all fisk som blir avliva. Eg ser og att tellaren her i elva ligg berre eit godt hundre fisk etter fella i Etneelva, og då er ikkje dei fiskane med som lurer seg opp andre vegar. Dei fiskar kvar dag så dei tek ut mykje meir fisk i elva si.

Navn: Einar Vormedal Dato: 28.07.2017
Melding:
Laksen på 1kg i sone 10 27.7 skulle vært rapportert som CR

Navn: Torleif Dato: 25.07.2017
Melding:
Heilt greit Kjetil, eg rekna ikkje med at den blei vist i statestikken. Så kan ein vell gjera det på same måten skulle der dukka opp oppdrettslaks og.

Navn: Kjetil Dato: 25.07.2017
Melding:
La den inn som c&r istedenfor vanlig laksefangst for å skille den fra vanlig avliva laks på statestikken. Også skada aure som vert avliva meldest som gjenutsatt. Håpa i det lengste å unngå egen pukkellaks kategori på innmeldingane.

Navn: Torleif Dato: 25.07.2017
Melding:
Eg ser pukkellaksen eg fekk er kommen inn på fangst statestiken som utsett att. Men den er avliva i høgste grad.

Navn: Torleif Dato: 24.07.2017
Melding:
Så kom nok ein pukkellaks på land,tok den til middag igår, litt morsomt å smaka på ein Stillehavslaks. Men eg vill nå sei det er ikkje same kvaliteten på den som på laksen og auren her. Forstår ikkje russerane som kunne finna på å planta den på Kola-halvøya, dei har jo nett same laksen som her.

Navn: Torleif Dato: 23.07.2017
Melding:
Til alle som fiska på Opsal sone 1, Eg har teke vare på den gamle sjellprøve kassen som var i den gamle bua. Den har eg nå plasert i den nye med sjellprøve påsar oppi, så dei kan de bruka av enten de er oppdrettsfisk eller pukkellaks de får då eg har eit bra lager av dei. Får berre håpa på dei får stå i fred for uved kommane. Så bruk av dei får de uønska fisk. Eg hadde ei litt trist greie for nokre år sidan eg var lens for påsar så eg hadde sjella oppi vanlegt papir inntil eg fekk tak i nye då flytta eg dei over i påsane. Eg hadde då tri, fira sjellprøvar, der i blant av ein stor laks på 118 cm . Men dei kunne ikkje lesa av dei prøvane som var fløta på. Argelæg.

Navn: Vikedal Elveigarlag v/styret Dato: 22.07.2017
Melding:
Om en får pukkellaks i Vikedalselva send dato, sted/sone, lengde, vekt, kjønn, samt foto til bohel@online.no. I tillegg er det ønskelig med skjellprøve, som kan leveres til Elveigarlaget, kortselger eller til Svein Krokedal på Joker.

Navn: Ole Døvik Dato: 22.07.2017
Melding:
Då var han her og,fekk pukkel-laks nedom fossen.Beit på ein Bucksluk,men som å hala ein mjølsekk i land,ikkje møkje sprell der.Der er sikkert fleire godt å få han på land.

Navn: Roy Dato: 20.07.2017
Melding:
Fantastisk jobb av elveeigerlaget, og til og med skrøyt fra fiskeforvalteren. Dette ser lovende ut, takk takk.

Sidevalg: 1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 
11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 
22 23 24 25 26 27 28 29 30 31 32 
33 34 35 36 37 38 39 40 41 42 43 
44 45 46 47 48 49 50 51 52 53 54 
55 56 57 58 59 60 61 62 63 64 65 
66 67 68 69 70 71 72 73 74 75 76 
77 78 79 80 81 82 83 84 85 86 87 
88 89 90 91 
Gilje Web